Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Edit Content

Nyhetsbrev

E-postliste

    Velkommen til «Satoshi-samtale» på Litteraturhuset i Oslo.

    27. aug. 2025 kl 18:00→ 20:00

    Gratis, ingen påmelding.

    Dette kan du vente deg:

    Kva meiner Kjartan Fløgstad om bitcoin? Inneber bitcoin ei ny form for samfunnskritikk? Vi får sjå …

    Kjartan Fløgstad har skrive side opp og side ned om gruvedrift – på Svalbard, i Latin-Amerika og så bortetter. Bitcoin representerer ein «hypermoderne» type gruvedrift: Mynting av nye bitcoin skjer som eit resultat av «mining» og «proof of work». Men medan klassiske gruvearbeidarar i mange land var leiande i arbeidet for retten til å organisera seg og stod i spissen for ei rekkje sosiale reformer, er den samfunnsmessige rolla til bitcoin i skrivande stund noko meir … uklår.

    Fløgstad og Heming H. Gujord – professor ved Universitetet i Bergen og forfattar av FLØGSTAD VERK. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. (Samlaget, 2018) – møtest for å diskutera gruvedrift og samfunnsendringar før og no. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.