Bak bankkrisa i USA blir det også ført ein krig mot kryptovaluta. Av dei tre bankane Silvergate, Silicon Valley Bank og Signature Bank var først- og sistnemnde dei største og viktigaste bankane for krypto-bedrifter. Etter kollapsen i dei tre bankane er det mange spørsmål som treng svar, og særleg styresmaktene si handtering av dei to kryptovennlege bankane.
I Silvergates tilfelle skjedde avviklinga meir som ei seigpining og politisk press. Banken fekk ikkje fornya låna frå Federal Home Loan Bank (FHLB) og dermed var det kroken på døra. Det skjedde etter sterkt press frå mellom anna senator Elisabeth Warren, som feira utilslørt etter at banken vart avvikla.

Avviklinga, eller heller avlivinga, av Signature Bank reiser endå fleire spørsmål. I følgje styremedlem Barney Frank, ein av dei to hovudpersonane bak Dodd-Frank-lova etter finanskrisa i 2008, var ikkje banken insolvent fredag 10. mars og kunna ha opna som vanleg den etterfølgjande måndagen. Men søndag 12. mars stengde styresmaktene utan anna grunngjeving enn at leiinga i banken ikkje hadde gitt tilfredsstillande svar på spørsmål.
Silvergate og Signature var viktige bankar for kryptoselskap fordi dei hadde etablert eigne betalingsnettverk som fungerte 24/7 alle dagar, noko som er heilt nødvendig i kryptoverda. Kryptovaluta blir handla døgnet rundt, heile året og dagens gammaldagse bankmodell med stengde helgar og helgedagar fungerer ikkje. Ironisk nok gjorde dei raske betalingsnettverka bankane endå meir sårbare for bankstorming («bank run»).
Det er lite tvil om at styresmaktene i USA har brukt bankkrisa til å stramma endå hardare til for kryptobedrifter. Det var bankar som var langt meir utsette for kollaps enn Signature Bank, for eksempel First Republic Bank. Men der First Republic Bank og andre blir forsøkt redda, vart Signature Bank avliva på open gate, for å låna amerikanske skildringar. Det var ei offentleg avliving til skrekk og advarsel for andre i kryptobransjen («pour encourager les autres»).
Uroa i finansverda er neppe over med desse bankane pluss Credit Suisse i Sveits. Det er eit ekko av finanskrisa i 2008, men den underliggjande årsaka er ulik. Det er ikkje dårlege lån som er hovudårsaka til dagens problem, men massiv pengetrykking og opphoping av store innskot. Etter vanleg bankmodell blir innskota berre delvis sikra med kontantar, og resten i verdipapir. Dei tre nemnde bankane sikra mesteparten av innskota i amerikanske statsobligasjonar, det sikraste av alle verdipapir. Men den raske rentehevinga reduserte verdien på obligasjonane, og utan rentesikring gjekk det galt.
Den tradisjonelle forretningsmodellen for bankar med rentemarginar på kortsiktige innskot og langsiktige lån er likevel trua. Bank- og finanstenester må vera tilgjengelege heile døgnet, heile året. Når informasjon i tillegg går med lysets fart, er det klart at dagens modell med fraksjonerte reservar står for fall. Det er ikkje Bitcoin og krypto som er «skuld» i det, det er kryptovaluta som framskundar ei utvikling som uansett vil komma.
-Svein Ølnes, styreleder.