Før stod pengestellet støtt på ein gullmyntfot. Er bitcoin digitalt gull og vår tids gullstandard?
Det er tankevekkjande korleis tenkinga rundt pengar, pengepolitikk og pengestell skifter med tida og tilhøva. I Noreg har vi – i korte trekk – gått frå sylv via gull til skir tillit til lovverk og institusjonar – og så frå fast til flytande valutakurs kombinert med såkalla inflasjonsstyring. Men historia er ikkje over. Og bitcoin aktualiserer nygamle tankar rundt djupe og tidlause pengemessige problemstillingar. Meir konkret: Kvifor har gull spelt ei så viktig pengepolitisk rolle? Kor vellukka var eigentleg gullstandarden i si tid? Og korleis er bitcoin eventuelt relevant i denne samanhengen framover?
Bitcoinpolitisk institutt Noreg (BPI) har invitert professorane Svein H. Gullbekk (UiO) og Lars Fredrik Øksendal (Universitetet Innlandet) til å samtala om dette. Gullbekk – namnet skjemmer ingen – kan meir om gullpengar enn dei fleste, medan Øksendal har doktorgrad i økonomisk historie frå NHH og var med og skreiv historia om Noregs Bank og norsk pengepolitikk i samband med 200-årsjubileet i 2016. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i BPI.
Etter samtalen, spørsmål og svar vert det som sedvanleg sosial mingling nede i baren/restauranten.