Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Edit Content

Nyhetsbrev

E-postliste

    Bank of England meiner at bitcoin primært er ei MYNTEINING; «a unit of account». Alle pengar er det.

     

    Pengar har namn. Mange monetære nemningar (mynteiningar) viser til vekt, jf. (britiske) pund. Og lire, sjølvsagt – som kjem av det latinske ordet libra; pund, vekt. Kva særmerkjer namn på ulike typar pengar, og kva er spesielt med bitcoin i så måte? Og er ikkje val av namn på pengar – definisjonen av mynteiningar i land – fyrst og fremst eit politisk og ikkje eit teknologisk spørsmål?

     

    Velkomen til eit ordentleg feinschmecker-arrangement om pengar generelt og bitcoin spesielt. Desse er med:

    • Klaus Johan Myrvoll, lektor i norrøn filologi ved Københavns universitet, teiknar og fortel om mynteiningar.
    • Jacob Notland, med fersk doktorgrad i blokkjedeteknologi frå NTNU, gjer greie for det teknologiske ved mynteininga bitcoin.
    • Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg – og aktuell med boka «Bitcoin-reportasjane frå Japan, Sulitjelma, Tyskland, Hongkong, El Salvador, Georgia, Gibraltar, Svalbard, England og Orknøyane» (Fonna forlag, 2025).

     

    Velkommen til Litteraturhuset

    17. desember

    18:00 – 19:00