Rusten damkran frå The Brown Hoisting Machinery Co., Cleveland, står att på skinnegang i Sveagruva på Svalbard.
Bitcoinpolitisk institutt Noreg Seminar · Oslo

Mining &proof of work

Eit halvdagsseminar om bitcoin-utvinning: kraft, infrastruktur, økonomi og politikk. Harde fakta og mjuke vurderingar.

Dato
Må. 14. sept. 2026
Tid
12.00–16.00
Stad
Skram,
Litteraturhuset
Pris
Gratis

Bitcoin-utvinning blir diskutert i Noreg utan at partane er samde om kva dei snakkar om. Dette seminaret tek føre seg både reknestykket og røyndomen: kva utvinning faktisk krev av kraft, kva den gjer med eit kraftsystem, og kva som står på spel politisk.

Seminaret er gratis og ope for alle. Fyrste del er på engelsk, resten på norsk. Påmelding er ikkje nødvendig — men gi oss gjerne beskjed om du kjem, så veit vi kor mange stolar vi treng.

Programmet

14. sept. · 12–16

Fyrste bolk

Internasjonale perspektiv

Rachel Geyer

Leiar, European Bitcoin Energy Association

Mine or Decline: Europe’s Energy Reality

Alexander Neumüller

Forskingssjef, Centre for Alternative Finance, University of Cambridge

Powering the Protocol: A Global Perspective on the Bitcoin Mining Ecosystem

Andre bolk

Norske forhold og framtidsutsikter

Sander Stolpe

Tilsett ved Brønnøysundregistera, opptrer her som BPI-medlem

Bitcoin-mining i Norge — kraft, infrastruktur og økonomi

Sturle Sunde

Bitcoin-veteran

Framtidsutsikter for bitcoin-utvinning i Noreg

Ola Borten Moe

Tidlegare olje- og energiminister, no prosjektdirektør i Norsk Kjernekraft AS

Den norske kraftmarknaden — harde fakta, utviklingstrekk, utfordringar og løysingar

Tredje bolk

Den politiske samtalen

På Stortinget er motstanden mot utvinning av bitcoin her til lands brei. Desse kjem likevel for å diskutera bitcoin-utvinning og framtida til bitcoin — reint politisk.

Nils Forren

Leiar, Senterungdommen

Omar Svendsen-Yagci

Leiar, Unge Venstre

Konferansier og ordstyrar Håkon Sandbakken Leiar, Bitcoinpolitisk institutt Noreg

Fleire politikarar og andre innleiarar er inviterte. Programmet er under utarbeiding og kan bli utvida.

To rustne kraner står att i eit vidt, snødekt landskap i Sveagruva på Svalbard, med flate fjell i bakgrunnen.
Sveagruva, Svalbard Foto: Ørjan Ingvaldsen, Haltenbanken

Bakgrunn

Rustne kraner frå USA er langt på veg det einaste som i dag vitnar om gruvedrift i Svea på Svalbard. For over 100 år sidan dreiv AB Spetsbergens svenska kolfält med utvinning av kol her, der. NB! Gruveselskapet utferda i 1920 dei fyrste pengesetlane sine for og til bruk i Svea. Då var Svalbard eit ingenmannsland; Svalbardtraktaten og lov om Svalbard tok ikkje til å gjelda før i 1925.

Dei svenske Svalbard-pengane hadde uansett eit eintydig forhold til gruvedrift og gruvearbeid. Også bitcoin vert «vunne ut» gjennom ein prosess kala mining, eller utvinning, som er basert på proof of work (arbeidsbevis).

Både svenske Svalbard-pengar og bitcoin var/er monetære atterskin av (ymse former) for gjennomført arbeid. Over tid gjeld dette for alle former for pengar. Medan denne samanhengen var glasklår på Svalbard før i tida, er bitcoin på sett og vis ei digital påminning om det same.

Praktisk

Oslo
Når
Måndag 14. september 2026, kl. 12.00–16.00
Kvar
Skram, Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, Oslo
Pris
Gratis. Ope for alle.
Språk
Engelsk i fyrste bolk, norsk i resten
Arrangør
Bitcoinpolitisk institutt Noreg

Gi beskjed om at du kjem

Frivillig. Vi brukar det berre til å anslå oppmøte. Skjemaet opnar e-postprogrammet ditt med ei ferdig utfylt melding til BPI — du sender henne sjølv.

Send påmelding