Ein konferanse om austerriksk økonomi, filosofi og bitcoin
Korleis oppstår pengar? Kvifor har dei verdi? Kven skal laga dei – og kor lenge varer dei?
Frå Carl Menger, Ludwig von Mises og Friedrich August von Hayek til Karl Popper:
Kva er det med Austerrike som gjev atterljom i
bitcoin
?
Innsamling · fram til nyttår
Ein norsk bitcoinar har lova Bitcoinpolitisk institutt Noreg 0,3 BTC dersom vi samlar inn 0,6 BTC i gåver frå andre før nyttår. Gåvene går i hovudsak til gjennomføring av konferansen Austerriksk atterljom og etterbruken av han – artikkelsamling, dokumentarfilm og podcastar. Resten går til drifta av instituttet og gjev BPI høve til å sikra meir langsiktig finansiering. Vert målet nådd, går den lova gåva til same føremål. Alle gåver kjem til nytte – same kva.
Tala vert oppdaterte av BPI.
Personvern Kvar donasjon får ei eiga, ny betalingsadresse eller Lightning-faktura. Donasjonen din vert difor ikkje knytt til ei offentleg adresse. Berre BPI ser alle donasjonane samla – og vi veit kven du er berre dersom du sjølv fortel oss det på kontakt@bpinorge.no .
Takk til dykk
Alle som gjev, kan få namnet sitt på nettsida, i dokumentarfilmen og i artikkelsamlinga frå konferansen. Som takk sender vi koltrykket Pengeseddel til dei som gjev frå 0,05 BTC, og dei som gjev frå 0,1 BTC, vert takka særskilt som velgjerarar. (Du kan sjølvsagt òg donera bitcoin heilt anonymt.)
Koltrykk laga som silketrykk med kol frå Gruve 3 i Longyearbyen. Gruva var i drift frå 1971 til 1996 og er no kulturminne. Kolet er knust, sikta og blanda med linolje til trykkfarge. Trykt hos Foreningen Trykkeriet i Bergen på svart Somerset Velvet 280 g. Format 56 × 76 cm, opplag 50 (13 eksemplar er avsette til gjevarar). Utgjeve av Svalbard Money .
Motivet er inspirert av ein av dei sjeldnaste og mest talande pengesetlane frå Svalbard: femkronesetelen frå Grumantbyen (mellom Barentsburg og Longyearbyen), utferda av Anglo-Russian Grumant Company omkring 1920–21. Gruvearbeidarane brukte slike lokale pengar – pengar som, til liks med bitcoin, hadde eit eintydig forhold til mining og proof of work .
Påskrifta «Pengeseddel» er ikkje kvardagskost. Ho strekar under at pengar kan oppstå organisk; «bortanfor» både sentralbankar og andre bankar – nesten hundre år før bitcoin.
Ynskjer du kvittering, kunstverket eller at namnet ditt vert vist fram? Send namnet slik du vil ha det skrive, postadresse og kvitteringa for gåva di til kontakt@bpinorge.no . Kunstverket vert sendt ut så lenge opplaget rekk, og namnet vert berre vist om du ber om det. Gåver i bitcoin gjev ikkje rett til skattefrådrag.
23. april 2027
Konferansen vert halden 23. april – dagen i 2011 då Satoshi Nakamoto skreiv den siste kjende meldinga si: at han hadde «moved on to other things». Men dette hadde han etter alle solemerke likt:
Panelsamtale om austerriksk kultur- og vitskapshistorie – ein kunnskapsrik og underhaldande introduksjon til Carl Menger, Ludwig von Mises og Friedrich August von Hayek i økonomien, Ludwig Wittgenstein, Wienerkrinsen og Karl Popper i filosofien, og Stefan Zweig, Thomas Bernhard og nobelprisvinnaren Peter Handke i litteraturen.
Panel vert kunngjort
Nobelprisvinnarane Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo har prega moderne sosialøkonomi i Noreg. Økonometri – statistisk handsaming av økonomiske data – har vore sjølve paradegreina. Kva med austerrikarane? I kva grad har dei påverka forsking og undervisning ved norske universitet? Kvifor bør norske økonomistudentar studera dei austerrikske klassikarane?
Innleiar vert kunngjord
Carl Menger viste korleis pengar kan veksa fram utan at nokon vedtek dei. Ludwig von Mises meinte at pengar må ha byrja som ei vare som folk verdsette til anna bruk før ho vart pengar. Og i Denationalisation of Money (1976) tok Friedrich August von Hayek til orde for storstilt privatisering av pengeproduksjonen. Kva har dette å seia for bitcoin?
Innleiar vert kunngjord
Korleis bør pengepolitikken til Noregs Bank, den økonomiske statistikken til SSB og finansreguleringa endrast i lys av austerriksk økonomi – eller kvifor ikkje? Om inflasjonsmålet, om Hayeks skepsis til samlemål som BNP og KPI, og om bankane si pengeskaping og konkurranse mellom pengeslag. Og: Kva rolle bør bitcoin spela i norsk økonomi framover?
Innleiarar vert kunngjorde
Ein ny database frå Bank for International Settlements (BIS) kartlegg 568 pengeeiningar frå 1850 til 2026. Sju av ti finst ikkje lenger, og medianlevetida for ei pengeeining er 33 år. BIS slår fast at statlege pengar er «a robust institutional equilibrium rather than a historical accident». Bitcoin er halden utanfor analysen – men utfordrar nettopp denne likevekta. Kor robust er ho i møte med nye pengar som verken stat eller sentralbank står bak?
Aldasoro, Frost, Kansal og Schenk: « Gaining (and losing) currency: a global database of currencies, 1850–2026 », BIS Working Paper 1392, november 2026.
Innleiar vert kunngjord
Popper meinte at ein teori er vitskapleg berre om han kan prøvast og verta motbevist. Kva skal til for å motbevisa bitcoin på empirisk grunnlag? Lindy-effekten seier at det som har overlevd lenge, truleg vil overleva lenge. Men Popper ville sagt at det å overleva aldri stadfestar noko – berre at det enno ikkje er motbevist. Når kan vi gjera oss opp ei gjennomtenkt meining om bitcoin?
Debattantar vert kunngjorde
Dagen vert avslutta med festmiddag.
Stad, pris og påmelding kjem.
Programmet er under utarbeiding.
Repetisjon
Honorar, reise og opphald for norske og internasjonale innleiarar.
Innkjøp av koltrykket Pengeseddel og utsending til dei som gjev frå 0,05 BTC.
Leige, teknikk, strøyming og opptak av heile konferansen.
Artikkelsamling, dokumentarfilm og podcastar.
Overskytande midlar går til drifta av instituttet og kunnskapsbasert arbeid for bitcoin.
Praktisk
Austerriksk tidsline