Dei brukar så Digiconomist, ei teneste utvikla av nederlandske Alex Vrijes for å underbyggja påstandane. Alt her begynner det å skurra, for om du er forskar innanfor dette feltet, burde du vita at Digiconomist ikkje bør brukast som kjelde. Alex Vrijes’ metodar er tilbakeviste som ufullstendige og feilaktige av fleire forskarar (sjå Say & Vranken, Lei et al.).
Bitcoin har utvikla seg til å bli meir og meir eit oppgjerssystem, som Norges Banks oppgjerssystem for bankane. Betalingar skjer i stadig større grad i lag over Bitcoin-kjeda, som for eksempel Lightning Network. Det er eit system som er forankra i Bitcoin-blokkjeda, men som fungerer på ein annan og mykje raskare måte, og med ein brøkdel av energibruken. Ein bitcoin-transaksjon på blokkjeda vil difor ofte innehalda tusenvis, for ikkje å seia millionar, av enkeltbetalingar.
Strand og Silde har rett i at det er konsensus-delen som er den vanskelege delen av eit desentralisert system. Korleis skal ein bli einige om tilstanden i nettverket når det ikkje er nokon autoritet som slår det fast (som bankane i det ordinære finanssystemet)? Dette har IKT-forskarar grubla på i fleire tiår, og med Bitcoin kom den første praktiske løysinga på problemet, med metoden PoW som ein sentral komponent. Det finst alternative konsensusmekanismar, men alle har ulempa med faren for sentralisering.
Også miningdelen av Bitcoin er utsett for sentralisering, som forfattarane peiker på. Det er store samanslutningar, «mining pools», som utgjer ein risiko for både manipulasjon og for sensurering. Bak samanslutningane er det enkeltaktørar som enkelt kan skifta samanslutning («pool»), men dette er likevel ei av dei store utfordringane i dagens Bitcoin.
Verken Østli, Strand, Silde, Bull Jenssen eller eg har bruk for bitcoin – i dag. Men om me tek av oss brillene med sterk nærsyntgrad, vil me sjå at meir enn halvparten av menneska på jorda lever under autoritært eller totalitært styre. Det er også 1-2 milliardar menneske utan tilgang på banktenester. Du skal vera ganske mett og sjølvtilfreds for å hevda at eit alternativt finansielt system som ingen treng å be om tillatelse til å bruka, ikkje er nyttig og har eit enormt potensial.