Takk til Hanne Østli Jakobsen (HØJ) for ein tankevekkjande artikkel om Aaron Swartz og Sam Altman som eksponentar for to diametralsk ulike utviklingsfilosofiar for internett. Eg har lyst til å føya til nokre opplysningar om dei to som kanskje forsterkar skilnaden mellom dei, og påverknaden på utviklinga av internett.
Som HØJ skeiv, var dei begge vidunderbarn, lynskarpe innan internett-programmering. Aaron Swartz vart kalla «Internet’s own boy», både på grunn av alder, men like mykje for sitt uvanleg vennlege vesen. Jus-professor Lawrence Lessig ved Harvard Law School må nemnast når temaet er Aaron Swartz. Lessig er hovudarkitekten bak Creative Commons og ein utrøytteleg forkjempar for det opne internettet. Det var i samband med dette arbeidet han møtte Aaron som hjelpte til med den tekniske utviklinga. Lessig vart etter kvart ein mentor for den unge guten, men påverknaden var gjensidig. Han fekk Lessig til å ta ein lang pause frå akademia for å arbeida politisk. Lessig stilte som presidentkandidat for demokratane i 2015, men bedyra at han var ein kandidat med berre ei sak: få slutt på koplinga mellom (private) pengar og politikk.

Aaron Swartz og Lawrence Lessig ved lansering av Creative Commons i 2002 (Foto: Gohsuke Takama, CC BY)
Der Aaron Swartz samarbeida med internett-idealistar som Lawrence Lessig, har Sam Altman samarbeida med gründerar og investorar som Elon Musk og Peter Thiel. Altmans arbeid med kunstig intelligens gjennom OpenAI er godt kjent. Mindre kjent er satsinga hans på digital identitet og kryptovaluta. Gjennom selskapet Tools for Humanity er ambisjonen ikkje noko mindre enn å skaffa alle menneske på jorda ein digital ID. Det skal skje ved skanning av iris, og som betaling får den som let seg skanna, rundt 30 worldcoin. Det er freistande å seia at dei får 30 digitale sølvpengar. Etter eit par års aktivitet let det store gjennombrotet venta på seg. Så langt er aktiviteten avgrensa til land i Asia, Afrika og Sør- og Mellom-Amerika med dårleg eller manglande personvern-lovgiving. Fleire land har vedteke forbod mot denne aktiviteten.
Det var kjent at Aaron Swartz til tider sleit med depresjon. Me kan difor ikkje slå fast at tiltalen mot han var utløysande for sjølvmordet. Men det er likevel rimeleg å tru at konsekvensane tiltalen innebar, kanskje vart for mykje å bera for han.
Svein Ølnes, tidlegare IT-forskar og no styreleder i Bitcoinpolitisk Institutt