Hopp til innhold

Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Får stortingsvalet fylgjer for mynting og skattlegging av bitcoin? Korleis driva bitcoin-lobbyisme?

📅 25. sep. 2025

🕢 19:30 → 20:30

📚 Litteraturhuset (gå inn på rommet: Kverneland)

🏛️ Arrangert av Bitcoinpolitisk institutt Noreg

💸 Gratis

 

Bitcoin vann på sett og vis det amerikanske presidentvalet i 2024: USA fører no den mest bitcoin-venlege politikken i verda. Kva med Noreg? Kven av stortingsrepresentane er mest for og mot bitcoin? Like viktig framover: Korleis kan Bitcoinpolitisk institutt Noreg og andre bitcoin-interesserte aktørar medverka til fornuftig og kunnskapsbasert bitcoin-politikk i den komande stortingsperioden?

Dette er tema for den andre Satoshi-samtalen til Bitcoinpolitisk institutt Noreg. Ordstyrar: Morten Søberg. Deltakarar: Ivar Vigdenes (First House) og Ingvild Kjerkol (tidlegare stortingsrepresentant AP).