Torsdag 17. desember kl. 19.00 · Café Opera, 2. etasje, Bergen · Gratis inngang
Heilt sidan 1814 har Grunnlova slått fast at det høyrer Stortinget til «å føre oppsyn med pengestellet i riket». Men pengestellet har endra seg radikalt sidan stormøtet på Eidsvoll. Setlar og myntar er langt på veg «en saga blott», stort sett private bankar skaper digitale kroner når dei gjev lån, og kvar tiande nordmann over 16 år eig kryptovaluta.
Fører Stortinget faktisk oppsyn? Kva gjer Finanstilsynet? Og bør Grunnlova endrast?
I panelet
- Eirik Holmøyvik, professor, Universitetet i Bergen
- Anders Hole, direktør for bank- og forsikringstilsyn, Finanstilsynet
- Roman Linneberg Eliassen, redaktør, Prosa
Ordstyrar
Morten Søberg, generalsekretær, Bitcoinpolitisk institutt Noreg
Praktisk
Torsdag 17. desember 2026 kl. 19.00
Café Opera, 2. etasje, Bergen
Gratis inngang, alle er velkomne.
Arrangørar: Café Opera og Bitcoinpolitisk institutt Noreg.