Korleis påverkar pengesystemet vårt inflasjonen i riket? Og i kva grad er bitcoin eit alternativ?
I fleire tiår var inflasjon eit ikkje-tema i det offentlege ordskiftet. Dei siste åra har inflasjonen gjort comeback, og pengepolitikken til Noregs Bank er sett under lupa. Lek og lærd ser ulikt på saka.
Før lærte vi at inflasjon ofte var eit monetært fenomen, og mange meinte at auke i pengemengda var den viktigaste årsaka til høg prisvekst. Er det slik enno? Kva er rolla til bankane? Måler vi inflasjon på ein god måte? Og kor fruktbart er det å diskutera alt dette med bitcoin som utgangspunkt?
I samtalen
- Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika Gruppen
- Ole Emil Augland, styremedlem i BPI
- Arne Kloster, spesialrådgjevar i avdeling for marknader, Noregs Bank
- Morten Søberg, generalsekretær i BPI (ordstyrar)
Lytt på Spotify eller Apple Podcasts.