Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Nyhetsbrev

E-postliste

    You’re not paying attention. You probably should be». Slik opnar ein av dei populære Bitcoin-podkastane og den er ganske treffande for mange, ikkje minst våre eigne politikarar. Det er mange som ikkje har fått med seg utviklinga berre det siste halvåret. Det starta på mange måtar med godkjenninga av børshandla bitcoin-fond (ETF) i januar og med det vart bitcoin fullt ut akseptert av Wall Street og finansverda.


    Utviklinga vart teken til eit nytt nivå då presidentkandidat Donald Trump omfamna Bitcoin (og krypto). Han heldt nyleg ein presentasjon på den store Bitcoin 2024-konferansen i Nashville, og gjorde det klart at han ville sikra at USA framleis skal vera den dominerande nasjonen på dette området. Han ville også sparka noverande SEC-sjef Gary Gensler på dag ein av presidentperioden, og hausta enorm applaus for det.


    Gensler har vore demokratane sin utøvande bremsekloss på kryptoområdet og har på mange måtar sørga for at dei har måla seg inn i eit hjørne. Trump er kynisk, og frå å vera motstandar av Bitcoin i førre periode, har han no snudd 180 grader. Han ser at det er dumt å provosera mange av dei rundt mot 50 millionar veljarane som eig kryptovaluta.


    Den republikanske senatoren Cyntha Lummis har gått eit steg lenger og lagt fram eit lovforslag om at USA skal ha inntil 1 mill. bitcoin som strategisk reserve, dvs. at sentralbanken skal halda bitcoin som aktiva. Den som har gått lengst i omfamning av Bitcoin, er presidentkandidat Robert F. Kennedy. Han blir neppe valt til president, men påverkar likevel som tidlegare demokrat og ei plassering mellom demokratane og republikanarane.


    Sjølv om lovforslaget til Lummis har små sjansar til å bli vedteke, og sjølv om Donald Trump ikkje skulle bli USAs neste president, er trenden likevel klar. Det er lite å tena på å gå til krig mot Bitcoin; tvert om er det mykje å tapa. Ein ny studie viser også at bitcoin-eigarane er jamt fordelt mellom republikanarar og demokratar, noko som tyder på at demokratane er i utakt med store delar av veljarane.


    Kamala Harris, som demokratane sin nye presidentkandidat, har fordelen av å starta med blanke ark, og vil ganske sikkert komma ut med ei meir positiv haldning til Bitcoin og krypto. Ho har nyleg fått eit brev frå viktige demokratar om at ho må snu den negative haldninga. Den store taparen ser ut til å bli senator Elisabeth Warren som har vore drivkrafta i demokratane sin negative haldning på området.


    Bitcoin er i ferd med å bli omfamna av alle, både i finansverda og på politisk nivå. Det er ein pågåande, fredeleg revolusjon, men kanskje ikkje den revolusjonen dei tidlege entusiastane såg føre seg.

    Publisert i DN 20. aug. 2024

    Av Svein Ølnes, styreleder i Bitcoinpolitisk Institutt

    Oppdag mer fra Bitcoinpolitisk Institutt Norge

    Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

    Fortsett å lese