Hopp til innhold

Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Kven tener på at nye pengar kjem inn i økonomien? I denne Satoshi-samtalen ser vi på Richard Cantillon og effekten som har fått namnet hans.

Richard Cantillon (ca. 1680–1734) skreiv berre eitt verk, «Essai sur la nature du commerce en général». Det er aldri omsett til eit skandinavisk språk, men i bitcoinmiljøet er interessa for mannen og tankane hans stor.

Cantillon vart rik på John Laws pengeeksperiment i Frankrike. Etterpå skreiv han om kva som skjer når nye pengar kjem inn i økonomien. Dei som får pengane først, kjøper til gamle prisar. Dei som får dei sist, møter prisar som alt har stige. Det er Cantillon-effekten, og han står sentralt i korleis mange bitcoinarar forstår pengetrykking, inflasjon og fordeling.

I samtalen

  • Ola Innset, forskar ved UiO, om John Law, Mississippi-bobla og linja frå Cantillon via Adam Smith til Schumpeter og entreprenøren.
  • Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg, om kva Cantillon-effekten faktisk seier, kva han ikkje seier, og kva han betyr for bustadmarknader som Frankfurt og Oslo.

Til slutt kjem spørsmål og kommentarar frå salen.

Lytt på Spotify eller Apple Podcasts.